Hotel Union i Geiranger søkjer vinkelner/Sommelier

Hotel Union Geiranger er ei hjørnesteinsbedrift i Geiranger. Hotel Union Geiranger – eit familieeigd hotel sidan 1899. Hotellet består av fire utsalgssteder for mat og drikke, spa, konferanse, 197 hotellrom og ein vinkjellar på ca 5.000 flasker, hovudsakleg franskdominert. Viser til websida for meir informasjon.

Geiranger har 210 innbyggjarar om vinteren og 3.-4.000 om sommaren.  Om lag 950.000 turistar vitjar oss kvar sommar. Helgegjestar, konferanse- og spagjestar fyller opp resten av sesongen. Vi held hovudsakeleg stengt i jula, nyttårsaftan og i januar.

Vi er på utkikk etter ein sommelier i fast eller sesongbetont stilling. Personen vi søkjer etter vil ha ansvaret for vinkjellaren og vedlikehalde vinlageret samt arbeide som kelner. Han/ho må kunne informere og ha oppsyn med dei andre kelnerane, og samarbeide med salsavdelinga med omsyn til vinsalg/-kjøp.

Kvalifikasjonar
Som sommelier er du ansvarleg for ei framifrå vinliste, opplæring av restaurantbesetninga slik at alle har god vinkunnskap å tilby våre gjestar. Du samarbeider godt med vårt kulinariske team for å få fram dei beste harmoniane og dei ypperste smakane. Ein profesjonell sommelier arbeider også “på restaurantgolvet” i direkte kontakt med restaurantsjefen sitt team. Sommelieren har ansvar for å samarbeide innanfor teamet sine smakspreferansar og budsjettparameter. Utdanning som sommelier er ønskjeleg, men vi vil også vurdere søknadar som stadfestar god kjennskap til vin.

Hovudarbeidsområde
•  Forvaltning av vinkjellaren på 5.000 flasker
•  Opplæring av servitørar og salsavdeling på grunnleggjande nivå 1,
    vidare komande nivå 2 og klargjering for sommelierstudie nivå 3
•  Utforming av sals- og marknadsstrategiar for alt vinsalg
•  Aktiv kontakt med vinleverandørar
•  Produktutvikling for hotellet sine gjestar
•  Aktiv deltaking i meny- og matutforming saman med kjøkken- og soussjefar
•  Stillinga sorterar under restaurantleiing og hotellsjef
•  Økonomisk ansvarleg for alle vinverdiar, herunder sal, svinn, varekostnadar, tellingar (månedlege)

Vi kan tilby
•  Tilsetning etter avtale
•  Gode løns- og arbeidsvilkår
•  Bustad

•  100% fast stilling, heillårs med fri om vinteren etter avtale

Interesserte bes ta kontakt med 
Monja Mjelva, epost
Tlf. 957 47 567